På husdyrtur i Gudbrandsdalen

Faget «Prosjekt til fordjuping – husdyr» blir stadig meir populært på Tomb. I haust reiste 37 elevar på husdyrtur. Fyrst til Gudbrandsdalen og deretter til Dyrsku`n i Seljord, der også elevar frå agronomklassa og anleggsteknikklassa var med.

Se også fim fra turen og ulike aktivitetar på Tomb. Filmen er Theas og medelevers bidrag til en konkurranse. Lenke til film nedanfor teksten.

Innføring i norsk pelsdyrhald
Fyrste besøket for årets «Prosjekt til fordjuping-gjeng» var hjå Britt Unni i Brumunddal. Ho lever av å produsere minkskinn. Norsk pelsdyrnæring er ei lønnsam husdyrnæring. Skinna blir seld på auksjon i utlandet og skaffar Noreg eksportinntekter. Elevane fekk ei god innføring i norsk pelsdyrhald. Den høge kvaliteten på norsk mink gir god betaling på verdsmarknaden. Elevane fekk óg litt servering.

Oppdrett av hjort
Neste besøk var Solberg gard som driv med oppdrett av hjort i tillegg til kyllingproduksjon. Her fekk me nærkontakt med hjorten, besøkte gardsslakteriet, kyllinghuset (utvendig) og flisfyringsanlegget. Og vi fekk kake! Hjortebonden Per, som i tillegg er politimann, viste oss rundt – og mange elevar vart inspirert og fekk lyst til å starte hjorteoppdrett! Cirka 90 gardar i Noreg driv med oppdrett av hjort.

Reinsdyr-slakting
«Learning by doing» er eit viktig pedagogisk prinsipp. På Lom Tamreinlag ANS var elevane med på å samle og sortere ut reinsdyr til slakting. Me fekk observere slaktinga, og fekk ein innblikk i ei husdyrnæring me i alle fall ikkje har i Østfold.

Hos Ola i Våga hentar fôringsroboten fôret sjølv, blander og fôrer ut heilt automatisk. Med mobilen kan Ola styre fôringsroboten, uansett kor han er i verda - så lenge han hadde mobildekning. Også eit interessant besøk.


Teksten fortsetter under bildet

Kulturarv hos naboen
Naboen til Ola, Valbjør Gard, er ein saue- og geitegard som har fått merket Olavsrosa – norsk kulturarv, for sine mange gamle hus. Heile 13 gamle hus frå 1600, 1700 og 1800-talet var det på garden. Som husdyrgruppe var me naturleg nok også interessert i fjøset, og me fekk smake på eigenprodusert geitepølse med 100% geitekjøt og garden si eiga kvitmuggost. Gardsbutikken var me også innom.

Brimi Sæter
Stølsdrift sto også på programmet. På Brimi Sæter åt me middag og deltok på kveldsstellet. Her fekk dei som hadde lyst, mjølke NRF-kyr, jersey-kyr, vestlandsk fjordfe og STN-kyr (Sida Trønderfe og Nordlandsfe). Stølen driv i tillegg med ysting, og me fekk sjå ostelageret. Dei andre dyra, som dei utegåande stølsgrisane og kattane, var óg populære.

600 vinterfôra sau
Odd Arne på Kvam driv bl.a. med 600 vinterfôra sau i eit nytt lafta fjøs med høg mekaniseringsgrad, bl.a. fullfôrvogn og rullande fôrbrett. Her fekk me sjå mange gode løysingar for sau. Eit estetisk svært fint fjøs!

Innimellom alle gardsbesøka kvilte me ut på Bjørn Dæhli-hytta som ligg heilt på toppen av Kvitfjell. I nærleiken er også ein støl med geiter der elevane fekk mjølke desse fascinerande dyra. Å mjølke geiter er alltid populært.

Dyrsku´n
Så til slutt, på fredagen, reiste heile 75 - 80 elevar frå Tomb til Dyrsku`n - Norges største landbruksmesse, der me kunne sjå anleggsmaskiner, landbruksmaskiner, husflid, husdyr, mat og skogbruksutstyr for å nemne noko.

Tusen takk til alle som tok så godt imot oss desse dagane! Tilbake på skolen skal elevane dokumentere det dei lærer i faget, og alle rapportane, loggane, bloggane og videofilmane som er laga i ettertid, viser at mange bruker mykje tid på faget, opplever mykje og lærer mykje.

Her kan du sjå filmen eleven Thea Orset saman med medelevar har laga på fritida. Filmen er óg sendt inn som bidrag til ein konkurranse utlyst av foreiningen til Naturbruksskolane. Den heldige vinnaren mottar pengepremie som klassen kan bruke på skoletur eller noko anna kult.

https://www.facebook.com/thea.orset/videos/1249902305035499/

Tekst: Husdyrlærer Per Håvar Moe Nevland