Ole Arnfinn: Agronomåret ga meg en praktisk tilnærming til fagstoffet

ELEVER OM TIDEN PÅ TOMB OG YRKESVALG

I DAG: OLE ARNFINN RØYSLAND

Bosted nå: Bjerkreim

Når gikk du på Tomb? 2011- 2012

Bildene er fra Ole Arnfinns skoleår på Tomb. På fritiden ledet han sangkoret "Husmors glade gutter".
Hovedbildet er fra skoleårets avslutningsfest. Foran ved talerstolen: Ole Arnfinn takker for skoleåret på Tomb.

Hva slags utdanningsprogram valgte du på Tomb?
Eg fullførte agronomutdanninga mi på Tomb ved å ta det Vg3 Agronom/Landbruk her.

Hva gjør du i dag?
Etter Tomb gjekk eg 5 år på NMBU på Ås. Her tok eg mastergrad i husdyr (fôring, avl og etologi/dyrs oppførsel). Etter dette fekk eg jobb som rådgiver i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Nå hjelper eg bønder i heile Rogaland med å etablere gode beiter, korleis ein skal grøfte mest fornuftig, korleis ein skal drifte enga for best mulig avling og korleis ein skal fôre og drifte sauen. På ettermiddagstid er eg med i drifta på heimegarden (140 vinterfôra sauer).

Hva er målene dine videre?
Framtida er alltid ei usikker tid. Eg og kjærsten min har kvar vår odelsrett. Dermed er det ikkje sikkert kor eg havner i framtida. Men eg ønsker å verte meir bonde enn eg er i dag. Ein gard er for meg ein pakke full av utviklingsmuligheter. Det er spennande!

Hva har Tomb betydd for deg?
Tomb hadde ei jordnær og praktisk tilnærming til fagstoffet. Det la grunnlaget for ei god forståing for samanhengane i jordbruket, og ein forstod kvifor ein gjer det ein gjer. Fem år på universitet åleine ville ikkje gitt meg den samme faglige tyngde som eg har etter eit år på Tomb der ein forstår samanhengane på gardsnivå.

Hva husker du best fra Tomb?
Her er det mykje å ta tak i. Det var mykje triveleg sosialt. Mange gode diskusjonar rundt matbordet. Mange gode vener og mykje praktisk god læring. Her er det vanskeleg å plukke ut ein enkeltepisode.

Hvorfor vil du anbefale Tomb til en venn?
Tomb har elevar frå heile landet. Dermed får ein eit unikt innblikk i korleis ein driv jordbruk i heile landet. Og her er mange gode idèar å ta med seg heim. Det er ein skule der dei tilsette bryr seg om korleis du har det, og som inviterer deg heim på fritida. Det er tilbud om mange kurs og sertifikat (maskinførar, truck osv) og mange praktiske fritidsaktivitetar (smie, garasje til skruing osv). I tillegg er internatet ein fantastisk sosial arena og opphav til eit oppkomme av gode og morosame idéar som ein har god tid til å gjennomføre.

Hva var positivt med å bo i internat?
For det fyrste er det kort veg til det meste. Medelevar, fritidsaktivitetar, mat og skule. Ein slepp å tenkje på matstell samstundes som ein slepp å bu heime. Det er òg ein eneståande sosial arena. Ein har måltid med likesinna og kan diskutere alt frå traktor, skog, ved, sau, ku osv med andre fornuftige jamnaldrande mennesker dagen lang. Til tider lærte eg meir av desse diskusjonane enn av læraren inne i klasserommet. I tillegg danner prinsippet med 140 (2012-tall) kreative sjeler med god tid på ettermidagen, rom for oppkom og gjennomføring av mange gode og morosame idèar som ikkje er like lett å gjennomføre dersom ein bur spredt i eit heilt fylke.

LES MER HER.OM Vg3 LANDBRUK HER.

LES MER OM NATURBRUK Vg1 OG Vg2 OG VEIEN TIL Vg3 LANDBRUK HER.

SØKNADSFRIST: 1. MARS. SØK HER.